Dawkins â ein ven av kristendomen?
Oxford-biologen Richard Dawkins er populær i Noreg. Sist fredag repeterte han sitt grunnstandpunkt hjå Fredrik Skavlan; alle ting kan i prinsippet forklarast av naturvitskapen, trua på Gud er fullstendig grunnlaus.
I fjor vart Dawkins tildela eit æresdoktorat ved Universitetet i Oslo, og førre fredag var han gjest hjå Fredrik Skavlan. Dei som kjenner til Dawkins, veit at han har ein djup lidenskap for naturvitskap, og samstundes ein djup motstand mot â og jamvel forakt for â kristendom og andre livssyn som opnar opp for det transcendente. Sist fredag repeterte han sitt grunnstandpunkt; alle ting kan i prinsippet forklarast av naturvitskapen, trua på Gud er fullstendig grunnlaus. No har kristne grunn til å lytte til Dawkins. Om ikkje anna er han eit vitnesbyrd om ei vanleg tankeretning i vår tid, som må takast på alvor. Og når han går til åtak på kristne som er motstandarar av moderne naturvitskap, eller som avviser kritisk tenking, er det lett å ha sympati for han. Når det er sagt, så er det ingen grunn til å pynte på sanninga: Richard Dawkins viser ein nesten sjokkerande mangel på elementær innsikt i fagfelt utanfor biologien, det vere seg religionsfilosofi, vitskapsfilosofi, metafysikk, kyrkjehistorie, bibelfag osb. Han er så overtydd om sitt eige standpunkt at han ikkje treng å bry seg med å setje seg inn i andres. Ein skulle difor kanskje tru at svaret på spørsmålet i overskrifta er opplagt: Dawkins er ein fiende av kristendomen, og ingen ven. Men mon det? Ser ein på kyrkjehistoria er det nettopp i møte med motstand at kristendomen har blitt tvinga til å definere og foredle seg sjølv, og til å framstå med eit tydeleg vitnesbyrd. At det nokre gonger diverre også har ført til maktmisbruk skal ikke underslåast. Men dette gav også mange viktige intellektuelle bidrag i i oldkyrkja og middelalderen, og også i dag. Nokre av dei beste og mest interessante kristne bøkene i nyare tid er skrive i respons til den såkalla nyateismen. Den ortodokse David Bentley Hart har til dømes i sin "Atheist Delusions," påvist at nyateismen har ei forvrengt historieforståing; det var kristendomen som i hovudsak skapte ideen om menneskeverd og nestekjærleik, kristendomen som la grunnlaget for framveksten av naturvitskap. Katolikken Edward Feser viser i sin "The Last Superstition" korleis nyateismens forsøk på å byggje eit fullstendig livssyn utelukkande på naturvitskapen fører til absurde oppfatningar om menneskesinnet og røyndomen rundt oss, og til ei utsletting av objektiv moral og rasjonalitet. Anglikanaren Conor Cunningham viser i sin "Darwinâs pious idea" korleis nyateistane misbruker moderne evolusjonsteori for å fremje sitt eige, intellektuelt uhaldbare livssyn. Dette er nok oppsiktsvekkande og jamvel provoserande påstandar for sekulære nordmenn. Men det er nettopp poenget; på grunn av nyateismen er debatten sett i gang. Både kristendomen og ateismen vert sett på skarp prøve. Og den som har øyre til å høyre, vil kunne analysere argumenta og finne sanning, sjølv om det krev at ein klarer å sjå bak tabloide utspel , stråmenn eller solid festa fordomar. I den grad det kristne livssynet går sigrande ut av eldprøva, vil Dawkins ha vist seg å vere ei velsigning i forkledning, eit får i ulveham.
